Dei utilgjengelege menneska
Bachelor thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2664077Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Oppgåva tek føre seg problemstillinga om kvifor enkelte unge vaksne vel å ta avstand frå visse digitale nyvinningar i det moderne samfunnet. Problemstillinga er eksemplifisert og aktualisert gjennom spørsmålet om kvifor enkelte unge vaksne vel å bruke analog mobiltelefon framfor smarttelefon. For å svare på problemstillinga har eg gjennomført fem djupneintervju med informantar i målgruppa unge vaksne med analog mobiltelefon. Vidare har eg prøvd å svare på kvifor informantane vel å bruke analog mobiltelefon ved å sjå på Jürgen Habermas sin teori om det moderne samfunnet. Dette kan forklare kva informantane vektlegg og synes er viktig i livet, og korleis dei prøvar å forsvare livet frå systemet si kolonisering, som smarttelefonar er ein del av.