Ve'dunderlæ : perspektiv på den munnlege kommentaren i hardingfelekonserten
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/172481Utgivelsesdato
2011-03-30Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Masteroppgaver [283]
Sammendrag
I denne oppgåva vil eg setje lys på munnlege kommentarar i ein scenisk situasjon, nemleg hardingfelekonserten. Eg vil sjå på høve eg har som utøvar av hardingfeletradisjonen, til medvite å bruke munnlege kommentarar for å legge til rette for rikare rom for musikkoppleving hos tilhøyrarane. Kva kjenneteiknar den munnlege kommentaren? Kva funksjon kan munnlege kommentarar ha i ein hardingfelekonsert? Kva innhald i den munnlege kommentaren er relevant, interessant, forventa eller akseptert? På kva måtar kan eg som utøvar legge fram den munnlege kommentaren? Dette er nokre spørsmål eg har stilt meg. Oppgåva fell inn under fagfeltet musikkformidling.
Hovudmålet med dette forskingsprosjektet er å bli ein dyktigare formidlar av dei munnlege kommentarane i ein hardingfelekonsert. Eg ønskjer samstundes utvikle min eigen stil og sjå på korleis eg kan føre vidare tradisjonen med å knyte kommentarar til slåttar i ein formidlingssituasjon. Eg har utarbeidd følgjande to forskingsspørsmål:
• På kva måtar kan munnlege kommentarar ha betyding for formidling av slåttar i ein hardingfelekonsert?
• På kva måtar kan eg gjennom praksisbasert forsking utvikle større formidlingskompetanse kring ein hardingfelekonsert?
Prosjektet har generert spørsmål om musikkformidling og utfordra meg til å sjå hardingfeletradisjonen og hardingfelekonserten i lys av det. Slik har eg funne spesielle sider ved hardingfelekonserten som har sett råmer for korleis eg vel å føre tradisjonen vidare, samt utvikle min eigen stil. Eg har valt å arbeide praktisk samstundes som eg har tileigna meg kunnskap gjennom teori. Teorien har gjeve meg nye synsvinklar og kunnskap. I praktisk arbeid, har eg øvd opp min eigen dugleik frå planlegging til gjennomføring av dei munnlege kommentarane og testa teori i praksis.
Beskrivelse
Norges musikkhøgskole. Masteroppgave. Utøving med fordypningsemne