Friluftslivslærarar sin profesjonskunnskap i lys av omgrepa pedagogisk risiko og pedagogisk virtuositet
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3055475Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Artikler / Articles [2096]
- Publikasjoner fra Cristin [1084]
Originalversjon
Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk. 2022, 8(2022), Side 457-471. 10.23865/ntpk.v8.3685Sammendrag
Denne artikkelen drøftar om omgrepa pedagogisk risiko og pedagogisk virtuositet kan seie noko om profesjonskunnskapen hos friluftslivslærarar som har elevar med på tur over fleire døgn. Det er brukt data frå semistrukturerte djupneintervju med 18 friluftslivlærarar i vidaregåande skole og folkehøgskole for å klargjere pedagogisk risiko og virtuositet frå eit praksisperspektiv. Analysen er ein innhaldsanalyse i ein hermeneutisk tradisjon innanfor dei vitskaps- og kunnskapsteoretiske rammene som Alvesson og Sköldberg (2017) skildrar. Etter ein induktiv analyseinngang blir materialet diskutert i lys pedagogisk risiko og virtuositet som to overordna sorteringsomgrep henta frå Gert Biesta (2014). Resultata viser at friluftslivslærarar med lang erfaring uttrykker i større grad å ha utvikla ro og overblikk som gir rom for pedagogisk risiko. Friluftsliv har ein eigenart med ofte krevjande situasjonar, der objektiv fare overstyrer og reduserer moglegheitene for problemløysande tilnærmingar og progressiv pedagogikk. Med auka erfaringsnivå og lengre fartstid verker friluftslivslæraren å utvikle ein praksis som gir meir rom for å vere virtuos. Dette har basis i ein personleg opparbeida tryggleik i rolla, ei redefinering av pedagogisk formål og overskot til å vurdere elevar og situasjonar.
Beskrivelse
Dette verket er lisensiert under en Navngivelse 4.0 Internasjonal-lisens. Forfattere som bidrar i Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk beholder opphavsretten til artikkelen sin, og samtykker i å publisere den under betingelsene i Creative Commons-lisensen CC-BY 4.0. Denne tillater tredjepart å kopiere, distribuere og spre verket i hvilket som helst medium eller format, og å remixe, endre, og bygge videre på materialet til et hvilket som helst formål, inkludert kommersielle, under betingelse av at korrekt kreditering og en lenke til lisensen er oppgitt, og at man indikerer om endringer er blitt gjort. Tredjepart kan gjøre dette på enhver rimelig måte, men uten at det kan forstås slik at lisensgiver bifaller tredjepart eller tredjeparts bruk av verket.