Undersøking om foreldrebetaling i barnehagar, januar 2011
Research report
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3109054Utgivelsesdato
2011-06-30Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Rapporter / Reports (SSB) [1690]
Sammendrag
Denne rapporten er laga av Statistisk sentralbyrå (SSB) på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet (KD). SSB har i oppdrag å gjennomføre ei årleg undersøking av foreldrebetalinga for fulltidsopphald i kommunale og private barnehagar for januar kvart år. Undersøkinga er no basert på ei totalteljing av alle kommunane i landet.
Gjennomsnittlege månadssatsar utan kostpengar og tilleggsutgifter for fulltidsopphald i kommunale barnehagar for hushald med brutto årsinntekt på 250 000, 375 000 og 500 000 kroner, er på landsbasis høvesvis 2 090, 2 229 og 2 270 kroner per januar 2011. Dei kommunale minimumssatsane ligg i gjennomsnitt på 1 573 kroner, medan gjennomsnittleg maksimumssats ligg på 2 298 kroner. 88 prosent av kommunane, dvs 380 av 430, har ein maksimumssats som ligg på sjølve maksimalsatsen på 2 330 kroner. Månadssatsane for hushald med brutto årsinntekt på 250 000, 375 000 og 500 000 kroner hadde ei endring på høvesvis 0,6, 0,5 og 0,3 prosent frå januar 2010.